Har din kommune/verksemd LIS i samfunnsmedisin i ny ordning?

Er de i så fall registrert som utdanningsverksemd i samfunnsmedisin?  

Publisert 22.08.2023

For at LIS i samfunnsmedisin (SamLIS) i ny ordning skal få godkjent teneste, må verksemda hen jobbar i, vera registrert som utdanningsverksemd. Dato for registrering, tidspunktet SamLIS kan få tellande teneste frå, vil vera søknadsdato. Mange kommunar har imidlertid ikkje søkt, og det kan medføra at nokon SamLIS risikerer å ikkje få godkjent teneste.

 

Spesialistforskrifta sin § 38 har blitt endra, slik at verksemder som søker om registrering før 31. desember 2023, kan få tilbakedatert registreringstidspunktet. Verksemda må då dokumentera at oppfølging av SamLIS har blitt gitt etter Spesialistforskrifta. Dette inneber blant anna individuell rettleiing og supervisjon, og individuell utdanningsplan for spesialiseringsløpet.  

 

Helsedirektoratet har utarbeidd eit standardskjema for registrering som utdanningsverksemd med verknad før søknadsdato. Meir informasjon, samt standardskjema, finn de på Helsedirektoratet sine nettsider: Endring i spesialistforskriften

Meir informasjon om spesialisering i samfunnsmedisin kan de finna på Helsedirektoratet sine sider, og på www.samlis.no

 

ALIS- og SamLIS Vest skal ha eit frokostmøte på nett om korleis ein praktisk fyller ut søknad om registrering som utdanningsverksemd i samfunnsmedisin onsdag 20. september kl 08.30-10.00. Invitasjon blir sendt ut når det nærmar seg.

 

Ta gjerne kontakt med oss på samlisvest@bergen.kommune.no om de har spørsmål!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar