Tilsyn med tvangsbruk ved Stavanger universitetssjukehus

Fylkesmannen har sett nærare på hva som skjedde då fleire pasientar klaga på omfattande tvangsbruk på to sengepostar i Psykiatrisk Divisjon ved SUS hausten 2014.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.07.2015

Sjukehuset ga pasientane vilkårslister med reglar og restriksjonar. Fleire av restriksjonane viste seg å vere ulovlege:

  1. Romskjerming der pasienten var aleine på rommet nesten heile døgnet, der han måtte røykje, ete og sove. Pasienten fekk berre åpne døra ein gong i timen.
  2. Pasienten fekk ikkje gå ut for å få frisk luft.
  3. Pasienten fekk ikkje ha tilgang til TV, bøker og blader.
  4. Pasienten fekk berre nytte telefon ein gong per dag (ein på dagtid og ein på kveldstid), og kunne då velje mellom advokat, prest eller fylkeslege.
  5. Personalet lytta mens pasienten prata i telefonen.

 

Fylkesmannen har avgjort at det ikkje er forsvarleg at sjukehuset nytta ulovlege restriksjonar mot pasientane. Sjukehuset har nå avslutta bruken av vilkårslister og gjort endringar som vil hindre at dette skal skje på nytt. Fylkesmannen vil også framover rette merksemda mot forsvarleg bruk av tvang i psykiatrien.

Du kan lese meir om saka i brevet som det er lenkje til i menyen øvst til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.