Koronaviruset: Her held du deg oppdatert

Janne Dahle-Melhus er fylkeslege i Rogaland.
Janne Dahle-Melhus er fylkeslege i Rogaland. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Koronaviruset har alt ramma mange rogalendingar. Kor skal du finna nødvendig informasjon?

Fylkesmannen sitt ansvar er å vera eit bindeledd mellom kommunane og sentrale helsestyresmakter. Me held også tett kontakt med dei regionale helseføretaka; Helse Fonna og Helse Stavanger.

Kven kan svara på kva?

Det er mange som tar kontakt med Fylkesmannen i samband med utbrotet av korona. Mange av spørsmåla som kjem må me ta vidare til Helsedirektoratet. 

Når det gjeld konkrete spørsmål om ulike arrangement, reiser, konferansar m.m. er dette noko som må avklarast gjennom dialog med smitteverntenesta i den enkelte kommunen.

– Me samarbeider tett med kommunane og prøver å fanga opp problemstillingar som sentrale helsestyresmakter må vita om, seier fylkeslege Janne Dahle-Melhus.

I sist veke arrangerte Fylkesmannen i Rogaland møte med alle kommunane i fylket, tillegg til at me samla fylkesberedskapsrådet for å få ei brei oppdatering rundt situasjonen. Dette kjem me til å halda fram med. 

Når det gjeld våre eigne arrangement, så følgjer me råda frå Folkehelseinstituttet og me gjer konkrete vurderingar rundt kvart enkelt arrangement framover. 

Oppdatert informasjon

For oppdatert informasjon om koronautbrotet i Norge, tilrår me bruka av desse to nettsidene: Folkehelseinstituttet og helsenorge.no

Her finn du konkrete råd om koronaviruset. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringa informasjonstelefonen på 815 55 015.

Spørsmål til Fylkesmannen i Rogaland, knytt til koronasituasjonen, kan sendast hit.