Nye statsborgarar frå 16 rogalandskommunar skal feirast

Nye norske statsborgarar i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 3. juni 2023. Dei kjem frå seksten rogalandskommunar.

Det er Statsforvaltaren i Rogaland som arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig for nye statsborgarar å delta.

Publisert 01.06.2023

Ein festdag

Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Statsforvaltar Bent Høie leiar seremonien. Stortingsrepresentant Hadia Tajik er årets hovudtalar.

16 kommunar i Rogaland er representerte i år

Dei over 246 festklare statsborgarane bur i 16 kommunar i Rogaland. Med venner og familie blir det rundt 600 festdeltakarar i Kuppelhallen.

Det er ikkje berre familie og venner som stiller på ein dag som dette. Ordførarane frå dei kommunane som har påmelde statsborgarar deltek og.

Tid/stad

Laurdag 3. juni 2023 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.

Slik fordeler dei nye statsborgarane seg på dei 16 kommunane

KOMMUNE

Antall

Bjerkreim

3  

Eigersund

4  

Gjesdal

8  

Haugesund

6  

4  

Karmøy

10  

Klepp

9  

Randaberg

4  

Sandnes

50  

Sokndal

1  

Sola

23  

Stavanger

110  

Strand

7  

Suldal

2  

Time

4  

Vindafjord

1  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.