Landsomfattande tilsyn 2017 med Bufetat Region vest

Dato:
22. august 2017 08:00 - 24. august 2017 23:00
Stad:
Bufetat Region vest
Ansvarleg:
Regionalt tilsynslag med representantar frå Fylkesmennene i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland

Hovudføremålet med tilsynet var å undersøke om Bufetat sørgjer for forsvarleg ivaretaking av bistandsplikta i akuttsituasjonar og når barn flyttar på institusjon. Vi har påpeika fire brot på krav i barnevernlovgjevinga.

Rapporten omtalar funn innan dei områda tilsynet var avgrensa til og gir ikkje ei fullstendig framstilling av arbeidet.

Publisert 08.02.2018

Fylkesmannen konkluderer med:

  1. Bufetat Region vest sikrar ikkje eit tilstrekkeleg informasjonsgrunnlag for sine      avgjerder, og heller ikkje at det blir gjort forsvarlege vurderingar av om tiltak er eigna for å ivareta barnets behov i si utøving av bistandsplikten når barn skal ha plass i institusjon som planlagt hjelpe- eller omsorgstiltak. 
    Dette er brot på barnevernlova § 2-3 andre ledd bokstav a, jf. § 1-4 og § 2-3 tredje ledd.
  2. Bufetat Region vest sikrar ikkje alltid barn sin rett til medverknad i si utøving av bistandsplikta når barn skal ha plass i institusjon som planlagt hjelpe- eller omsorgstiltak.  
    Dette er brot på barnevernlova § 4-1, jf. § 2-3 andre ledd bokstav a og § 2-3 tredje ledd.
  3. NIT sikrar ikkje eit tilstrekkeleg informasjonsgrunnlag for sine avgjerder, og      heller ikkje at det vert gjort forsvarlege vurderingar av om tiltak er eigna for å ivareta barnet sitt behov i sitt arbeid med å innstille på tiltak for barn med alvorlige åtferdsvansker. På denne bakgrunn oppfyller ikkie Bufetat Region vest bistandsplikta si i desse sakene.
     Dette er brot på barnevernlova § 2-3 andre ledd bokstav a, jf. § 1-4 og § 2-3 tredje ledd.
  4. NIT sikrar ikkje barn sin rett til medverknad i sitt arbeid med å innstille på tiltak for barn med alvorlege åtferdsvansker. På denne bakgrunn sikrar ikkje Bufetat Region vest barnet sin rett til medverknad i desse sakene.
     Dette er brot på barnevernlova § 4-1, jf. § 2-3 andre ledd bokstav a og § 2-3 tredje ledd.

Kontaktpersonar: 

Hilde Ordemann

fmhohio@fylkesmannen.no

tlf: 55 57 22 12

 

Dato:
22. august 2017 08:00 - 24. august 2017 23:00
Stad:
Bufetat Region vest
Ansvarleg:
Regionalt tilsynslag med representantar frå Fylkesmennene i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland

Dokument