H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit til Pøbelseminaret

Frå før var det klart at H.K.H. Kronprinsen kjem. Når er det klart at også H.K.H. Mette-Marit kjem til Pøbelseminaret i Stavanger. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2015

For åttande gong arrangerer Pøbelprosjektet Pøbelseminar. Det skjer i Stavanger 2.-3. mars. I år skal H.K.H. Kronprinsen leia eit panel med ungdom frå alle prosjekta i Kronprinsparets Fond.

Støtte frå Kronprinsparets fond

Pøbelprosjektet har som mål å få unge, som av ulike årsaker står utanfor det etablerte skulesystemet og arbeidslivet, ut i jobb eller vidareutdanning. Kronprinsparets Fond støttar til ei kvar tid fire prosjekt, Pøbelprosjektet er eitt av desse.

Kronprinsen styrer ungdomspanel

Kronprinsparet er til stades under dag to av Pøbelkonferansen 2015, altså tysdag 3. mars. Kronprinsen skal leia ein samtale med ungdom fra alle prosjekta i fondet. 

Informasjon om programmet, kontaktpersonar og presseakkreditering finn du her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument