Søknad om utfylling av sprengsteinsmassar i sjø i Lysebotn

Høyringsfrist:
27. februar 2014 15:30

Lyse Produksjon AS har søkt om løyve etter forureiningslova til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø for etablering av småbåthamn og molo i Lysebotn i Forsand kommune.

Publisert 29.01.2014 av Administrator

Lyse Produksjon AS er i gang med å oppgradere eksisterande kraftstasjon i Lysebotn. I samband med arbeida skal det drivast nye tunnelar, og Lyse Produksjon AS vil derfor få eit overskot av sprengstein. Mesteparten av sprengsteinsmassane er planlagt brukt til å etablere småbåthamn og molo i Lysebotn. I samband med desse planane har Lyse Produksjon AS søkt om utfylling i sjø.

Forsand kommune arbeider med å få på plass ein reguleringsplan for området. Reguleringsplanen er for tida ute på offentleg ettersyn.

Utfyllinga i Lysebotn omfattar om lag 500 000 m3 sprengstein, og den vil dekke eit areal på ca. 41 000 m2 på sjøbotnen.

Det vil i eit løyve settast krav til mellom anna avfallshandtering og til støyutslepp. Det vil vidare settast vilkår om internkontroll, og det kan også hende Fylkesmannen setter krav om tiltak for å hindre spreiing av forureina sjøbotnsediment under arbeida.

Søknadsdokumenta vert lagt ut til offentlig ettersyn i Forsand kommune og i dokumentlenkene til høgre.

Eventuelle merknader til søknaden kan sendast fmropost@fylkesmannen.no  eller Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger.