Søknad om mudring i sjø i Vinterhavn i Kvitsøy

Høyringsfrist:
14. november 2017 23:59

Statens vegvesen Region vest søker om løyve til mudring i sjø i Vinterhavn, Kvitsøy kommune.

Publisert 16.10.2017

Søknaden omfattar mudring av ca. 1700 m3 sediment fordelt på eit ca. 1520 m2 sjøbotnareal. Det er påvist forureina sediment i ein avgrensa del av tiltakområdet. Det er ikkje registrert nokon viktige naturtypar i eller i umiddelbar nærleik til det omsøkte tiltakområdet. Mudringa er eit tiltak for å betra vatngjennomstrøyminga i Vinterhavn-bassenget, noko som vil kunne betre den økologiske tilstanden i vatn og sediment.

Uttalar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.

Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i høgremargen.