Søknad om midlertidig anleggsdrift og driftsfase E05 Hundvågtunnelen

Høyringsfrist:
17. februar 2014 23:30

Statens vegvesen Region vest har søkt om løyve etter forureiningslova til utslepp av vatn frå driving av tunnel og avrenning/utvasking frå deponerte massar i anleggsfase og driftsfase E05 Hundvågtunnelen, RV13 Ryfast i Stavanger kommune.

Publisert 17.01.2014 av Administrator

Omsøkt tunnelarbeid er ein del av RV 13 Ryfast som består av Hundvågtunnelen og Solbakktunnelen. Det vert søkt om løyve etter forureiningslova til utslepp knytt til anleggsarbeid og drift av Hundvågtunnelen (5,6 km). Hundvågtunnelen skal byggjast med to tunnelløp og med to felt i kvar retning. Tunnelen skal drivast frå Hundvåg.

Anleggsområdet er regulert til kjøreveg og annan veggrunn (plan 2192 reguleringsplan for E39/ RV 13 Stavanger – Solbakk).

Utslepp av vatn i anleggs- og driftsfasen vil mellom anna medføre utslepp av suspendert stoff, nitrogenforbindelsar, tungmetall og organiske forbindelsar. I driftsfasen kan det vere utslepp av ulike forureiningar frå uhellsutslepp, utslepp/lekkasjar av drivstoff, bremsevæske o.l., og vatn frå sløkkingsarbeid ved brann i tunnelen.

Det vil i eit løyve settast krav til mellom anna utslepp til sjø og til støyutslepp. Det vil vidare settast vilkår om internkontroll, overvaking av reinsetiltak og resipient og handtering av avfall. Utslepp av vatn i anleggs- og driftsfasen skal samlast opp og reinsast i sedimentasjonsbasseng og oljeutskiljar før utslepp til sjø.

Søknadsdokumenta vert lagt ut til offentlig ettersyn i Stavanger kommune og i dokumentlenkene til høgre.

Eventuelle merknader til søknaden kan sendast fmropost@fylkesmannen.no  eller Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger.