Søknad om løyve til utfyllingar i sjø ved Knarholmen Fiskehavn i Bokn

Høyringsfrist:
3. november 2017

Bekkarvik AS v/Finn M. Alvestad og Knarholmen AS v/Finn M. Alvestad søker om løyve etter forureiningslova til to utfyllingar i sjø på eigedomane 11/327 og 328, Knarholmen Fiskehavn, Bokn kommune.

Publisert 05.10.2017

Det vert søkt om å etablera ein utfylling på landsida inne i fiskehamna og ein ute på Knarholmen. Utfyllinga på landsida blir på ca. 8000-10 000 m3 og vil røra eit sjøbotnareal på ca. 1900 m2, medan utfyllinga ute på Knarholmen blir på ca. 20 000-25 000 m3 med eit rørt sjøbotnareal på ca. 7000 m2.

Det er ikkje registrert nokon viktige naturtypar i sjølve utfyllingsområda. Det er registrert ein større tareskogforekomst (verdi A) ca. 150 meter avstand frå tiltaksområda. Sjøbotnen i utfyllingsområda skal ifølgje søkar høvesvis vera fjell stadvis dekt av eit tynnare lag morene, og fjell. Under landsidefyllinga er det planlagt å legga ut duk, medan det er planlagt å skaffa dokumentasjon på sjøbotnen ute ved Knarholmen. Vidare er det planlagt å bruka siltgardin under utfyllingsarbeidet.

Uttalar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.

Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i høgremargen.