Søknad mudring og utfylling ved Hellesøy og Kyrkjesundet i Kvitsøy kommune

Høyringsfrist:
25. november 2017

Statens vegvesen Region vest søker om løyve til mudring og utfylling i sjø for E39 Rogfast i Kvitsøy kommune.

Publisert 27.10.2017

Søknaden gjelder tre anleggsområde ved Hellesøy, Kyrkjesundet nord og Kyrkjesundet sør. Søknaden omfattar mudring av totalt ca. 2070 m3 sediment og utfylling av ca. 15 800 m3 sprengsteinmassar.

Tiltaka vil røre ved eit samla sjøbotnareal på ca. 4600 m2. Føremålet med tiltaket er å etablere ny vegtrasé frå Krossøy til Kvitsøy i samband med E39 Rogfast. Det er registrert ålegras i nærleiken av tiltaksområdet ved Kyrkjesundet, og søkjar har foreslått siltgardin for å hindre spreiing av sediment. Det er ikkje påvist forureina sediment.

Uttalar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.

Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i høgremargen.