Søknad frå Velde Miljø AS i Sandnes

Høyringsfrist:
2. januar 2018 15:30

Velde Miljø AS har søkt Fylkesmannen i Rogaland om utsleppsløyve etter forureiningslova for behandling av forureina masse på gnr/bnr 9/1 Kylles i Sandnes kommune. Søknaden gjeld eit avgrensa område på 20 daa.

Publisert 07.12.2017

Det er søkt om å ta imot 250 000 tonn forureina masser. Vidare er det søkt om å mellomlagre inntil 25 000 tonn masser.

Merknader skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 2. januar 2018. Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i dokumentlenkene til denne nettsaka.