Søknad frå Pelagia Egersund Sildjoljefabrikk AS

Høyringsfrist:
6. april 2018

Pelagia Egersund Sildoljefabrikk AS har 30.1.2018 søkt Fylkesmannen om endring av løyve etter forureiningslova for sitt anlegg for produksjon av fiskemjøl- og olje. Verksemda har søkt om løyve til å omfatte ein årleg produksjon av inntil 40.000 fiskemjøl og 15.000 tonn fiskeolje.

Publisert 22.02.2018

Verksemda er lokalisert på eigedomen 47/11 Åsanevegen i Eigersund kommune.

Frist for uttale er sett til fredag 6.april 2018. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i lenkjene til denne nettsaka.

Gjeldande løyve er datert 19.mars 2001, og treng å verte oppdatert i samsvar med seinare endringar i miljøregelverket. Fylkesmannen har difor bede verksemda om å søkje om endring av løyvet.

Moglege utslepp er lukt, støv, støy og organiske komponentar til sjøresipient.

Eventuell uttale kan sendast på e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.