Høyring - framlegg to nye skogvernområde ved frivillig vern

Høyringsfrist:
14. juli 2014 15:30

Fylkesmannen i Rogaland har sendt to framlegg til vern av skog ved frivillig ordning. Det er eit nasjonalt mål å auke areal av verna skog. Gammal skog har eit høgt mangfald av artar og vern av gamal skog er eit bra klimatiltak.

Publisert 10.06.2014 av Administrator

Framlegga som er på høyring er eit nytt Eikebakka naturreservat i Sokndal kommune og revisjon og utviding av Tveitaneset naturreservat i Tysvær kommune. Dette er ei samordna lokal og sentral høyring. Frist for uttale er sett til 14.07.2014.

Om Tveitaneset naturreservat i Tysvær kommune:

Naturreservat Tveitaneset, Tysvær

Tveitaneset naturreservat vart verna i 1977 som barskogreservat. Det er kartlagt verneverdig skog på utsida av vernegrensa som grunneigar er villig til å verne frivillig. På same tid er verneforskrifta gammal, og treng revisjon. Totalt areal for det føreslegne verneområdet er 382 dekar. Av dette er 116 daa nytt verneområde, mens resterande allereie er verna som naturreservat.

Tveitaneset og området rundt er ein særmerkt eldre kystfuruskog med lite inngrep, omkransa av flate fyllitt-svaberg. Gammal skog, flotte jettegryter, svaberg og rullesteinsstrende lagar variasjon og gjer området spanande med opplevingsverdi. Skogen er i all hovudsak kystfuruskog med innslag av varmekjær lauvskog i sørvendte lier. Det er funne fleire raudlisteartar i området.

Om Eikebakka naturreservat i Sokndal kommune:

Naturvernområde Eikebakka i Sokndal

Eikebakka naturreservat er føreslege oppretta på ca.115 daa med gammal fattig eik-edellauvskog. Den ligg på ein låg ås ved Åmot, rett aust for Hauge. Området ligg i sterkt oseanisk og boreonemoral vegetasjonssone. Den nordaustre delen av skogen er blåbærdominert eikeskog, medan resten er meir beiteprega og grasdominert eikeskog med noko innslag av hassel. Langs elva i aust står ein brem av svartorskog. Framlegget kjem etter avtale med Opplysningsvesenets fond og ein privat grunneigar om frivillig skogvern.