Statsforvaltaren opphevar Volda kommune sitt nei til nye tingrettslokale

Saka er returnert til kommunen for ny handsaming, sidan dei har gjort feil i vurderinga av om tingretten er innafor arealformålet i reguleringsplanen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.02.2023

Møre og Romsdal tingrett ønsker å bruke butikklokala i 1. etasje på Røysebakken 7. Dei har søkt Volda kommune om bruksendring. I oktober 2022 avslo kommunen søknaden. Dei grunngav avgjerda med at reguleringsplanen ikkje opna for slik bruk.

Statsforvaltaren har vurdert klaga frå Tømrer Eigedom.

Kan vere kontor

– Vi har kome til at kommunen sitt vedtak må gjerast om. Grunnen til dette er at vi har kome til at tingrettslokale kan høyre heime under arealføremålet kontor. Kommunen har då ikkje heimel for dette avslaget, seier Erlend Koch Jacobsen, saksbehandlar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kommunen kom til at tingrettslokale må plasserast i et område som er regulert til offentlege bygningar med angitt formål.

– Vi støtter ikkje kommunen sin vurdering. Arealføremålet kommunen har vist til er eit føremål som i all hovudsak skal nyttast når det er det offentlege sjølv som skal eige bygget. Sjølv om det er opna for at arealføremålet kan nyttast i høve der det offentlege skal leige eigedomar, er dette knytt til langvarige leigekontraktar. I dette høvet skal Møre og Romsdal tingrett leige lokala i ei periode på 10 år. Dette er etter vår vurdering ikkje langvarig nok, seier Koch Jacobsen.

Statsforvaltaren konkluderer med at det rette arealføremålet i staden vil vere «kontor», som området er regulert til i reguleringsplanen.

Kommunen må gjere ny vurdering

Plan- og bygningslova legg opp til at det er kommunen som skal gje byggeløyve.

– Vi sender difor saka tilbake til kommunen for ny handsaming, seier Koch Jacobsen.