Statsforvaltaren opphevar Stranda kommune sitt nei til ferjeladar

Saka er returnert til kommunen for ny handsaming, sidan dei har gjort feil i vurderinga av om vilkåra for dispensasjon er oppfylt.

Publisert 07.07.2023

I samband med elektrifiseringa av ferjesambandet Stranda-Liabygda er det naudsynt med ladestasjonar på ferjekaiene. Fjord1 har derfor søkt om løyve til bygging av eit teknisk bygg og ei lademast på ferjekaia i Stranda. Kommunen avslo søknaden på bakgrunn av at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje var oppfylt.

Dei rettslege vilkåra er oppfylt

Fjord1 klaga på avslaget. Dei viste til at plasseringa av det tekniske bygget var den einaste moglege, og at ladeanlegget er ein del av naudsynt infrastruktur i samband med overgangen til elektriske ferjer.

- Vi har kome til at dei rettslege vilkåra for å gje dispensasjon er oppfylt. Grunnen til dette er at vi har kome til at verken det tekniske bygget eller ladearmen vil vesentleg setje til side omsyna bak arealføremåla, byggegrensen mot vegen eller byggeforbodet i strandsona. Vår vurdering er òg at fordelane ved dispensasjonen er klart større enn ulempene seier Erlend Koch Jacobsen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kommunen må gjere ny vurdering

Sjølv om Statsforvaltaren har konkludert med at dei rettslege vilkåra for å gje dispensasjon er oppfylt, har dei ikkje godkjent søknaden. Dei har i staden returnert han til kommunen for ny handsaming.

- Plan og bygningslova legg opp til at det er kommunen som skal gje dispensasjonar. I dette ligg det og eit skjønn om kommunen ønskjer å gje dispensasjon. Slikt skjønn skal vi som klageinstans vere veldig forsiktig med å overprøve så lenge kommunen har lagt vekt på lovlege omsyn og grunngitt vedtaket ordentleg. Vi har derfor returnert saka til kommunen, som må gjere ei vurdering av om dei ønskjer å gje dispensasjon, avsluttar Jacobsen.