Reguleringsplanen for Holan II i Rauma kommune endeleg godkjent

Statsforvaltaren har stadfesta planvedtaket for det nye bustadområdet i Isfjorden

Publisert 05.12.2023

Nytt bustadfelt i Isfjorden

OSE AS har på vegner av Idéhus Ålesund utarbeidd detaljreguleringsplanen for Holan II. Formålet med planen har vore å legge til rette for eit bustadområde med varierte bustadtypar med tilhøyrande leikeareal, turdrag og infrastruktur. Bustadområdet ligg i forlenginga av eksisterande bustadfelt.

Motstand frå nærmiljøet

Kommunestyret i Rauma kommune vedtok planen i juni 2023. Planvedtaket blei klaga på av ei rekke privatpersonar med tilknyting til området.

Klagarane har ønska å ivareta myrområde som vil bli bygd ned. Dei har også hatt innvendingar mot trafikkløysinga både internt i planområdet og i dei tilgrensande bustadområda som fører fram til det nye bustadfeltet.

- Statsforvaltarens konklusjon er at vi kan stadfeste kommunens planvedtak, seier seniorrådgjevar Andreas Welle Rusten.

Klaga blir ikkje tatt til følgje

Reguleringsplanen for området bygger på ein tidlegare vedteken kommunedelplan.

- I kommunedelplanen har kommunen allereie avgjort at myrområda skal byggast ned. Reguleringsplanen endrar ikkje på dette, men heile myrområdet blir ikkje nedbygd i første byggetrinn, seier Rusten.

Han fortel vidare at reguleringsplanen opnar for ei nokså mykje større utbygging enn kva som var føresetnaden i kommunedelplanen. Kommunen stiller difor krav om betra infrastruktur før det kan byggast ut meir enn 50 bueiningar.

- Til slutt er det slik at kommunen har eit stort grad av skjønn i plansaker. Vi har ikkje hatt avgjerande innvendingar mot at kommunen vil prioritere ein «ringveg» inne i planområdet, heller enn tilkomst via to blindvegar, avsluttar Rusten.