Rauma kommune må behandle planen for Prestsetra hyttefelt i Skorgedalen på nytt

Verknaden av å brøyte vegen til det nye hyttefeltet på vinteren er ikkje kartlagt godt nok. Statsforvaltaren opphevar derfor kommunen sitt vedtak.  

Publisert 05.09.2023

I desember 2022 vedtok Rauma kommune å legge til rette for eit nytt hyttefelt i Skorgedalen. Reguleringsplanen opnar for å bygge 40 nye hytter like sør for Fossen hyttefelt og Storstølen hyttefelt. Rauma skisenter ligg like i nærleiken.

Veg i konflikt med skiløype

Hyttene i Prestsetra er tiltenkt heilårsveg. Dette inneber at vegen frå turparkeringa fram til hytteområdet må brøytast om vinteren.

- Klagene gjeld at vegen i dag blir preparert og brukt som skiløype. Klagarane skildrar at skiløypa er viktig for hytteeigarane i dei nærliggande hytteområda, og også for Røde Kors, seier fagleiar hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Andreas Welle Rusten.

Interessekonflikten må bli vurdert

Rusten seier planvedtaket no blir oppheva og sendt tilbake til kommunen for ny behandling.

 - I planarbeidet er det viktig at kommunen kartlegg og vurderer ulike interesser og kva verknader gjennomføring av planvedtaket kan gje. Dette er ikkje gjort i denne saka ettersom interessekonflikten knytt til vegen er i liten grad omtalt.