Mellombels forskrift i samband med koronaviruset

Regjeringa opnar i ei mellombels forskrift opp for at kommunane kan gjere unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for tidsavgrensa bruksendringar og mellombels plassering av bygg til helse- og omsorgstenester mv. i samband med utbrotet av koronaviruset. Forskrifta skal gje kommunane auka handlingsrom til å iverksette nødvendige tiltak raskt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2020

Sakshandsaminga

Vedtak skal gjerast innan fem dagar frå søknaden kjem inn, og kan ha verknad inntil seks månader. Løyvet kan forlengast éin gong. Vedtak kan berre gjerast etter oppmoding frå statleg, fylkeskommunal eller kommunalt mynde.

Også dispensasjonssaker skal avgjerast innan fem dagar. Fristen går i den tida søknaden er til uttale hjå statlege og regionale mynde. Desse mynda skal uttale seg eller gjere nødvendige vedtak innan tre dagar. Kommunen kan gjere vedtak dersom regionale og statlege instansar ikkje held fristen.   

Forskrifta gjer ei rekke unntak frå byggteknisk forskrift, men tiltaka må oppfylle tryggleikskrav. Reglane om nabovarsel gjeld ikkje.

Klagesaker

Klagesaker skal førebuast av kommunen og sendast til klageinstansen innan fem arbeidsdagar etter at klagefristen er gått ut. Klageinstansen skal avgjere saka innan fem arbeidsdagar. Held ikkje kommunen fristen, kan klageinstansen handsame klaga sjølv.

Tidsfristar

Forskrifta gjeld mellom 16.03.2020 – 01.01.2021. Dei oppgitte tidsfristane kan ikkje forlengast.