Løyva til å fylle ut i Grandfjæra blir ståande

Statsforvaltaren stadfestar Molde kommune sitt vedtak om løyve til å fylle ut i Grandfjæra.

Publisert 24.01.2024

– Arkitektene BBW AS har søkt om løyve til å gjere vesentleg terrenginngrep på vegner av Grand Fiære Utvikling AS. Som ein del av utbyggingsprosjektet i Grandfjæra vil dei etablere ein molo og gjennomføre utfyllingsarbeid i sjøen. Vi har behandla ein klage på dette løyvet, fortel rådgjevar Malene Halsen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Fleire klaga i lag

Klagen Statsforvaltaren har behandla, er ein felles klage frå naboar, eit burettslag og ei velforeining i området. Klagarane meiner at kommunen sitt vedtak er i strid med kommuneplanens arealdel for Molde kommune.

– Dei skriv at tiltaket er i strid med planføresegnene om utforming av bygningar. Desse klagepunkta har ikkje ført fram i denne saka, seier Halsen.

Ho  forklarer at saka Statsforvaltaren har  behandla no, er avgrensa til å gjelde søknaden om løyve til  å fylle ut og etablere molo.

– Bygningane som klagarane meiner er i strid med kommuneplanen, vil bli ei eiga sak. Desse argumenta har derfor lite relevans for løyvet til å fylle ut i Grandfjæra.

Klage på reguleringsplanen

Klagarane hevdar òg at detaljreguleringsplanen for Grandfjæra Øst er ugyldig, og at kommunen derfor ikkje kan gi løyve til utfylling. Dei påpeikar at dei har klaga planen inn til Statsforvaltaren.–Vi har behandla klagen på reguleringsplanen tidlegare, og stadfesta kommunen sitt vedtak. Derfor har vi ikkje tatt stilling til dei klagepunkta som gjeld gyldigheita av reguleringsplanen i denne saka, seier Halsen.