Godkjenner ladeanlegg Stranda-Liabygda

Faksimile Strada ferjekai, foto: Norconsult

Statsforvaltaren har gitt løyve til å bygge ladeanlegg på ferjestrekket Stranda-Liabygda.

Publisert 13.02.2024

I samband med at ferjesambandet Stranda-Liabygda skal bli elektrisk, er det naudsynt med ladestasjonar på ferjekaiene. Fjord1 har derfor søkt om løyve til å bygge eit teknisk bygg og ei lademast på ferjekaia i Stranda. Kommunen avslo søknaden fordi vilkåra for å gje dispensasjon ikkje var oppfylt. Statsforvaltaren har også tidlegare oppheva avslaget frå planutvalet i kommunen, men kommunen fatta nytt vedtak om avslag.

Vilkåra for å gi dispensasjon er oppfylt

Fjord1 klaga på avslaget. Dei viste til at plasseringa av det tekniske bygget var den einaste moglege, og at ladeanlegget er ein del av naudsynt infrastruktur i samband med overgangen til elektriske ferjer.

– I saka som gjeld ferjekaia i Stranda sentrum har vi tidlegare kome til at dei rettslege vilkåra for å gje dispensasjon til å bygge ladestasjonen er oppfylt. Kommunen fekk moglegheit til å komme med ei ny grunngjeving etter deira frie skjønn. Vår vurdering er at kommunen i for liten grad  har vektlagt dei store samfunnsfordelane dette tiltaket inneber. Vi har derfor kome til eit anna resultat enn kommunen, seier Erlend Koch Jacobsen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Same resultat for Liabygda ferjekai

Planutvalet i Stranda kommune hadde og gitt avslag på søknad om ladeanlegg på Liabygda ferjekai. Også her har Statsforvaltaren behandla Fjord1 sin klage på avslaget.

Faksimile Liabygda ferjekai, foto: Norconsult

– Heller ikkje her har kommunen lagt vekt på samfunnsnytta i si skjønsvurdering. Vår vurdering er at dei rettslege vilkåra for å gi dispensasjon er oppfylt, og at tungtvegande omsyn taler for at ein bør gi dispensasjon i denne saka, fortsett Jacobsen.

Viktig for det grøne skiftet

Søkarane har vist til at anlegga er ein del av elektrifiseringa av ferjestrekket Stranda-Liabygda.

– Ladestasjonane, og elektriske ferjer, er viktige tiltak for å redusere utsleppa frå transportsektoren. Derfor er det tungtvegande samfunnsomsyn som talar for at vi innvilgar dei naudsynte dispensasjonane for å bygge ladestasjonane, avsluttar Jacobsen.