Får ikkje setje opp kapell på Syltefjellet no

Statsforvaltaren har kome til at området på Syltefjellet må regulerast før bygginga av eit 90m2 stort kapell kan starte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.03.2023

Statsforvaltaren har kome til at området på Syltefjellet må regulerast før bygginga av eit 90m2 stort kapell kan starte.

Fjord kommune gav Det Hellige Patriarkalske og Stavropegiske Kloster Av De Hellige Kong Olav og Profet Elias løyve til å setje opp bygget på fjellet ovanfor Valldal sentrum utan gjennomført reguleringsprosess. Dette klaga Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på. Gjennom klagebehandlinga endra Statsforvaltaren kommunen sitt vedtak til avslag.

Kommuneplanen opnar for bygging av kloster

Fjord kommune har gjennom gjeldande kommuneplan sett av areal på Syltefjellet til bygging av kloster. Oppføringa av kapellet er første steg i denne utbygginga. Samstundes står det i kommuneplanen at området skal regulerast før bygginga kan starte.

– Det er no søkt om å få setje opp kapellet i påvente av reguleringa, då dette har tatt lang tid. Eit slikt unntak frå kommuneplanen si klåre føresetnad å utarbeide reguleringsplan, forutset at dei rettslege vilkåra for dispensasjon i plan- og bygningslova § 19-2 er oppfylte, forklarer seniorrådgivar Therese Småland hjå statsforvaltaren.

Viktig friluftsområde

– Tomta der dei vil bygge kapellet ligg i eit viktig friluftsområde. I nærleiken av klostertomta er det også registrert naturtypar som er karakterisert som svært viktige og av høg verdi, både regionalt og nasjonalt. Omsynet til ivaretaking av dei viktige naturtypane tilseier at ein må utarbeide ein reguleringsplan før bygginga kan starte, seier Småland.

I ein slik planprosess skal kommunen gjere heilskaplege vurderingar av arealbruken for området og av den påverknaden utbygginga har for både naturmangfaldet, friluftslivet, tilkomsten til kapellet og sikringen av persontryggleiken i området.

– Det er også gjennom ein slik prosess at kommunen legg til rette for offentlegheit, samråd og medverknad, og sikrar ei brei opplysning av saka.

Statsforvaltaren fant ikkje at vilkåra for å gje dispensasjon var oppfylt.

– Vi endra difor søknaden til avslag. Oppføringa av kapellet må difor vente til reguleringsplan er ferdig utarbeidd, avsluttar Småland.