Får bygge firemannsbustad i Bjørnstjerne Bjørnsons veg i Molde

Naboar har klaga på tiltaket, men Statsforvaltaren konkluderer med at kommunens vedtak er gjort i samsvar med plan- og bygningslova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.04.2023

Lengre sakshistorie

Årømyra Eiendom AS har søkt om å rive ein eksisterande bustad og føre opp ein firemannsbustad på Bjørnstjerne Bjørnsons veg 130, like over Bjørset Barnehage. Kommunen avslo eit tidlegare prosjekt på eigedomen i 2021. Dette avslaget vart også stadfesta av Statsforvaltaren.

– Klagesaka vi no har behandla gjeld ei endring av prosjektet frå 2021, forklarer fagleiar hjå Statsforvaltaren, Andreas Welle Rusten.

Tilpassing til strøkets karakter

Molde kommune omtalar tiltaket som ein korsdelt firemannsbustad som det ikkje er eit eintydig svar på om skal reknast som ei lågblokk eller småhus. Kommunen konkluderte med sistnemnte, og innvilga søknaden.

Klagene frå naboar gjaldt nettopp prosjektet si tilpassing til strøkets karakter, og forholdet til kommunens fortettingsstrategi.

– Det sentrale spørsmålet Statsforvaltaren har tatt stilling til er korleis firemannsbustaden blir tilpassa utbyggingsstrukturen i området, seier Welle Rusten.

Saklege og relevante omsyn

Kommunen har ei føresegn som seier at nye byggetiltak skal tilpassast nærområdet med omsyn byggestil og byggets visuelle kvalitetar.  

– Ved behandling av slike saker skal vi legge stor vekt på dei vurderingane kommunen sjølv har gjort. Vi har kome til at kommunen har avgjort saka ut frå saklege og relevante omsyn, og vi stadfestar då kommunens vedtak, avsluttar Welle Rusten.