Detaljreguleringsplanen for Alti Ørsta er endeleg godkjent

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal stadfestar Ørsta kommunes planvedtak.

Publisert 07.11.2023

Mål om å utvikle sentrum

Kommunestyret i Ørsta vedtok i februar 2023 detaljreguleringsplanen for Alti Ørsta. Formålet med planen er å legge til rette for å utvide det eksisterande kjøpesenteret til eit meir fullverdig sentrumstilbod. Forslagsstillaren ønsker også å opparbeide eit nytt torgareal for å kople Alti Ørsta og det historiske sentrum nærare saman.

Klagar på snøbrøyting

Statsforvaltaren har no behandla ei klage frå Opsal Autohus AS på kommunestyrets planvedtak. Forretninga har knappheit på areal til inn- og utkøyring og parkeringsplass. Dei ønskte difor at kommunen fastsette juridiske føresegner som hindrar offentleg snøbrøyting inn på forretningas eigedom.

Statsforvaltaren har ikkje tatt klaga til følgje.

Kommunen har gjort ei forsvarleg vurdering

– Overordna sett har kommunen vurdert arealbruken i området forsvarleg. Mellom anna er kantparkeringa langs austsida av Vikeøyrane tatt ut av planen framfor forretninga. Dessutan er fortauet langsmed forretninga trekt så langt ut mot bilvegen som mogleg, seier seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren, Andreas Welle Rusten.

Han seier at berre mindre delar av klagarens eigedom er omfatta av reguleringsplanen.

– Dette avgrensar kommunens moglegheiter til å vedta juridisk bindande føresegner for denne eigedomen. Kommunen har heller ikkje ønskt å gje einskilde eigedomar ulike rettigheiter som gjeld snøbrøyting framfor andre eigedomar.