Avslår turveg i Herøy

– Å bygge turveg i eit større samanhengande naturområde, bør avklarast i kommunen sin overordna plan, seier Susanne Fostvedt.
– Å bygge turveg i eit større samanhengande naturområde, bør avklarast i kommunen sin overordna plan, seier Susanne Fostvedt. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Therese Småland.

Statsforvaltaren gir klagarane medhald. Herøy kommune sitt dispensasjonsvedtak for turveg på Leikong vert endra til avslag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.06.2022

Herøy kommune har gitt Gurskøy Idrettslag dispensasjon til å bygge turveg på Leikong. Ein del av turvegen går gjennom eit landbruks-, natur- og friluftsområde. Naturvernforbundet og fleire andre har klaga på dispensasjonsvedtaket.

Vurderer fordeler og ulemper

– Vi har synfart området der turvegen er planlagt. Deretter har vi vurdert om vilkåra for å gje dispensasjon frå kommuneplanens arealdel er oppfylte, seier Susanne Fostvedt, fagleiar hos Statsforvaltaren.

Kommunen sin arealplan legg rammer for korleis eit areal skal nyttast. Om ein skal sjå bort frå plana og gi dispensasjon til tiltak, må tiltaket ha klare fordeler.

– Det er fordelar med turvegen, men tiltaket vil også vere eit inngrep i naturen. Vegen vil gi tydelege spor i landskapet og kunne ha innverknad på naturmangfald og naturinteresser.

Må ha overordna plan

Fostvedt seier at nokon av dei fordelane som ein turveg vil gi, også er mogleg å oppnå ved bruk av enklare tilretteleggingstiltak på ein eksisterande tursti. Dette krev ikkje dispensasjon.

– Å bygge turveg i eit større samanhengande naturområde, bør avklarast i overordna plan. Vilkåra for å gi dispensasjon er altså ikkje oppfylt i denne saka, seier Fostvedt.

Kommunens vedtak vert endra, og dispensasjon for turveg på Leikong blir avslått.