Ein gondol i Sulafjellet vil vere skadeleg for natur og friluftsliv

Bildet viser Rundehornet, Sula
Statsforvaltaren påpeiker at Sulafjellet har ein særskilt verdi som urørt naturområde nær der folk bur. Her frå Rundehornet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Astrid Buset.

– Dette tiltaket er ikkje godt for naturen, miljøet og friluftslivet i området, seier assisterande direktør Ulf Lucasen. Statsforvaltaren har fleire innvendingar til planane om ein gondol på Sulafjellet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.02.2023

Sula kommune vil bygge ei gondolbane frå Devoldfabrikken i Langevåg sentrum til Rundehornet på Sulafjellet. Dei har laga ei plan for korleis området skal regulerast for å kunne få til å bygge gondolen.

Statsforvaltaren har nettopp levert si motsegn til plana. Her skriv dei at tiltaket vil ha store negative verknader for friluftslivet og naturmangfaldet i området.

Miljøskade på trua natur

– Ei utbygging i tråd med planen vil gi naturinngrep som gir betydeleg miljøskade for nær trua fjellhei og sterkt trua kystlynghei på Rundehornet og området nordover mot Gamlestølen, seier Lucasen.

Han legg til at inngrepa også får negative konsekvensar for nær trua fugleartar og fuglar som Noreg har eit særskilt ansvar for å vareta.

– Planane er dermed i konflikt med nasjonale miljømål for naturtypar, økosystem og artar i naturmangfaldlova, seier Lucasen.

Folks bruk av marka og folkehelsa

Også folks bruk av marka vil bli negativt påverka av ein gondol, vurderer Statsforvaltaren.

– Å bygge ein gondol krev fleire og varige inngrep i fjellet. Sulafjellet har ein særskilt verdi som urørt naturområde nær der folk bur. Vi vurderer at desse anlegga vil redusere kvalitetane og verdien av Sulafjellet som tettstadsnært markaområde, seier assisterande direktør Ulf Lucasen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren påpeikar også at planen har for lite utgreiing av korleis tiltaket vil påverke helsa til dei som vil bu og leve under den planlagde gondolen.

Ikkje utgreidd godt nok

På fleire område vurderer Statsforvaltaren at planen har for lite dokumentasjon og utgreiing.

Dette gjeld mellom anna manglande:

  • dokumentasjon på at avlaupsløysinga ikkje fører til dårlegare tilstand i Molværselva
  • føresegner som tryggar beiteinteressene i utmarka
  • arealføremål og planføresegner som sikrar den utvalde naturtypen hol eik mot skade
  • vurderingar av aktuelle og realistiske alternativ til lokalisering av avlaupsanlegget som er planlagt bygd i den sterkt trua naturtypen atlantisk høgmyr
  • avklaring av støy for bustadområde og område for offentleg tenesteyting
  • kunnskap om born og unge sin bruk av friområdet aust for Molværsbrauta gjennom året, og konsekvensar av bygging og drift av gondolen gjennom friområdet
  • utgreiing av konsekvensane for folkehelse av å bygge gondol over bustader

Planen kan ikkje bli vedteken

Konsekvensen av Statsfovaltarens motsegn er at kommunen ikkje kan vedta områdeplanen.