Koronavirus og tenestene til personar som har ei utviklingshemming

Kommunane er i ein vanskeleg situasjon og har mange ulike problemstillingar som følgje av koronapandemien.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal la sist veke ut informasjon om at helse- og omsorgstenestene i mange tilfelle no blir endra, men at noverande regelverk framleis gjeld. Eventuelle endringar må ha heimel i lov. Med atterhald om at myndigheitene eventuelt vurderer dette annleis, ber vi kommunane framleis om å følgje regelverket.

I tenesta til personar som har ei utviklingshemming, kan det av ulike grunnar oppstå særlege utfordringar knytt til det å skulle gi forsvarlege tenester. Vi oppmodar alle som arbeider i desse tenestene til å halde seg oppdatert på NAKU sine nettsider der det er informasjon spesifikt om korona og utviklingshemming, og all informasjon der er kvalitetssikra av Helsedirektoratet. I tillegg er informasjon å finne på Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Kommunane må i den situasjonen vi står i no, som elles, legge til rette for gode miljøtiltak og gjere individuelle vurderingar i kvar einskilde sak. Vi oppmodar til at faglege spørsmål blir retta til Spesialisert habilitering for barn og vaksne i tråd med Helsedirektoratet sin rettleiar "Koronavirus - beslutninger og anbefalinger". Sjå særleg på kapittel 5 Smittevern for pasienter og befolkning – Kommunen skal sørge for tiltak som reduserer smitterisiko for personer med utviklingshemming som mottar kommunale helse- og omsorgstjenester.

Vi vil igjen rose den jobben kvar og ein legg ned i den utfordrande situasjonen de står i, til det beste for brukarane.