Inkluderande barnehage- og skulemiljø

Fem kommunar frå Møre og Romsdal; Rindal, Eide, Fræna, Skodje og Herøy, deltek i pulje 1 saman med kommunar frå Aust- og Vest Agder, Finnmark, Nordland, Oppland og Vestfold.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2017

Utdanningsdirektoratet har, på bakgrunn av blant anna Meld.St.19 (2015-2016) Tid for lek og læring – Bedre innhold i barnehagen og NOU 2015:2 Å høre til – Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø, fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å tilby kompetanseutvikling som skal styrke barnehagane, skulane og eigarane sin kompetanse i å handtere mobbing.  Kompetanseutviklinga skal fremme trygge miljø og førebygge, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar. Ein del av denne kompetanseutviklinga er eit tilbod om barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling med lærande nettverk.

 Tilbodet er retta inn mot barnehagemyndigheiter, barnehagar, skuleeigarar og skular.  Tilbodet strekkjer seg  over fire semester – frå  november 2016 til desember 2018.