Barnehagekonferansen gav sterke inntrykk

Torsdag og fredag gjekk Barnehagekonferansen av stabelen i Ålesund.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2015

Konferansen vart arrangert for 13. gong i samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Utdanningsforbundet og Høgskulen i Volda.

Fylkesmann Lodve Solholm opna konferansen som i år hadde namnet «MITT ANSVAR - om barnehagelæraren sitt profesjonelle skjønn». I år var det rekorddeltaking. Heile 460 barnehagelærarar var samla på Scandic Parken Hotell i Ålesund til fagleg påfyll.

- Vi er veldig nøgde med konferansen og har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane, seier seniorrådgivar ved HVO Maren Ørjasæter Aaland.

Arbeidsgruppa var godt nøgde med konferansenBarnehagelæraren si rolle

I år ville arrangørane setje søkjelys på barnehagelæraren si rolle i spenningsfeltet mellom fridom og styring utanfrå. Spørsmålet var om barnehagelæraren var friare i si yrkesutøving før, og om ei sterkare styring utanfrå er til det beste for barna.

- Fleire har sagt at foredragshaldarane gav sterke inntrykk og at dei følte ein sterk identitet til det som vart formidla. Når følelsar vert sett i sving får det gjerne konsekvensar. Dermed kan dette føre til at mange tar med seg den nye kunnskapen frå konferansen og bruker den når dei kjem tilbake til barnehagen sin, seier Ørjasæter Aaland.

Profesjonsidentitet

Førstelektor Turid Thorsby Jansen heldt eit foredrag om profesjon og identitet i barnehageyrket. Ho stilte spørsmålet «Er det tendensar i samfunnet vårt som utfordrar moglegheita til å gi barn fridom?

Barnehagelæraren si historie er viktig for profesjonsidentiteten i 2015. Jansen hadde leita fram historiske avisutklipp for å sjå kva som var grunnlaget for identiteten til barnehagelæraren. Bileta viste mange kvinner som hadde kjempa for barnehagen og yrket sitt.

Under press

Dei første barnehagelærarane var oppteken av å utforske og dele kunnskap. Dei hadde kontakt med fleire andre frå Europeiske barnehagelærarar. Den gong styrte dei seg sjølve. Heilt fram til 1970-åra var det ei sterk profesjonsstyring på praksisarenaen og utdanninga.

- Men i dag er både læraren, barnehagen og utdanninga under press. Det er mange som meiner noko om barnehagen, sa Jansen som stilte spørsmålet om barnehagelærarane blir gitt nok tillit.

Passe på utviklinga

Ho meinte at barnehagelæraren sin profesjonsidentitet er sårbar for New Public Management-tenkinga, altså forenklingsspøkelset. Ein kan ikkje forenkle og effektivisere lukt, farger, følelsar og bevegelsar, som det er mykje av i barnehagane.

Ho kom med ein appell til dei over 450 i salen. «Pass på å bry dokke om korleis barnehagelærarutdanninga utviklar seg». Det er viktig at barnehagelærarane sjølve kjem på bana og er oppteken av utdanninga.

Vere ærleg

Bianca Simonsen hadde og eit engasjerande foredrag om det å vere ærleg med barn. Vi har ein tendens til å pakke inn sannheita i vanskelege samtalar med dei yngste.

Vi har litt for lett for å seie «det skal du ikkje tenke på» eller «no skal vi kose oss, så den samtalen tar vi når det passer betre». Ho meinte vi burde lytte meir og ta barn på alvor. Barn tør ikkje å stille spørsmål som dei ikkje toler svaret på. Barn sin fantasi er verre enn verkelegheita.

- Barna kjem til dykk, då må du tore å seie ting som det er, sa Simonsen frå scena.

Indre og ytre press

Gerd Sylvi Steinnes, førsteamanuensis ved HVO, var hovudtalaren første dagen og tok føre seg det med indre og ytre press som barnehagelærarar opplever i arbeidskvardagen sin.

– Det indre presset handlar mykje om samansettinga av personalet i barnehagane. I Noreg har ein tredel av personalet barnehagelærarutdanning. Det vil seie at det er ei stor gruppe tilsette som ikkje har relevant utdanning – og dei er i fleirtal. Mi og andre si forsking viser at barnehagelærarane tilpassar seg eit fagleg nivå som gjer at dei får med seg heile personalet. Då kan den faglege tyngda deira bli utydeleg. Mange barnehagelærarar manglar eit fagleg nettverk å støtte seg på for å utvikle sin faglege kompetanse og profesjonelle identitet, sa Steinnes.

Mange på talarstolen

I tillegg til Steinnes snakka assisterande utdanningsdirektør i Møre og Romsdal, Jørn Thomassen, om kva som er aktuelt i barnehagesektoren i dag. Hege Valås, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, tok for seg ansvar og begrunnelse i barnehagen. Medan psykologspesialistane og forfattarane Ida Brandtzæg og Stig Torsteinson hadde eit innlegg om "Sjå barnehagebarnet innanfrå, men deg sjølv utanfrå".

Konferansen vart avslutta med paneldebatt, leia av førskulelærar og journalist Jon Roald Pettersen.

Paneldebatt

Kontaktperson:

Maren Ørjasæter Aaland
Seniorrådgjevar
EVU-koordinator  
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanninga
Høgskulen i Volda
e-post:  aalandm@hivolda.no
Telefon
:  70075335