Standpunktvurdering

Krava til å sette standpunktkarakter før skriftleg eksamen (lokal eksamen) og før fellessensur (sentral eksamen) faller bort nå når alle eksamenar på 10. trinn og i vidaregåande er avlyst. Det betyr at skolane kan sette standpunktkarakter helt mot slutten av skoleåret.

Lærarane må prioritere å sikre vurderingsgrunnlaget fram til sommaren, slik at alle elevar får standpunktkarakterar. For å få eit tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag, må de formidle til elevane at dei deltar i heimeundervisninga slik dei normalt gjer på skolen.

Halvårsvurderinga som ble satt til jul skal ikkje aleine vere grunnlag for vurderinga av standpunktvurderinga. Halvårsvurderinga er ein del av undervegsvurderinga, og skal både gi informasjon om kva eleven meistrar etter kompetansemåla i læreplanen, og gi rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen i faget. Denne karakteren beskriver kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga.

Elevane skal ha standpunktkarakter i orden og åtferd. De gjer som vanleg ein heilskapleg vurdering av eleven sin orden og åtferd fram til avslutninga av opplæringa. Om det ikkje er klare avvik frå vanleg orden eller åtferd skal eleven ha karakteren God.

Sjå lenker i høgre marg for meir informasjonen.

 

Klage på standpunktvurdering

Kva kan eleven eller foreldra klage på?

  • Eleven har rett til å klage på alle standpunktkarakterar dersom eleven meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakter ikkje er følgt.
  • Eleven kan klage sjølv, og foreldra kan klage på vegne av eleven fram til han eller ho fyller 18 år.
  • Eleven eller foreldre kan krevje grunngjeving for standpunktkarakteren før dei klagar.
  • Det er ikkje klagerett på undervegsvurdering

Korleis kan eleven og foreldra klage?

  • Skolen skal informere elevane og foreldra om retten til å klage, klagefrist og kva klaga skal innehalde.
  • Klagen må vere skriftleg, og skal signerast av eleven eller foreldra. Det må gå fram kva eleven klagar på, og klagen bør innehalde anna relevant informasjon og grunngjeving for klagen.
  • Fristen for å klage på standpunktkarakterar er 10 dagar. Fristen går frå den dagen eleven har fått karakteren, eller den dagen han eller ho har fått grunngjeving.
  • Klagen skal sendast til skolen.


Sjå lenker i høgre marg for meir
informasjonen.