Sensorskulering for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Totalt 102 sensorar deltok på årets skulering til sentralt gitt eksamen i norsk, engelsk og matematikk i grunnskulen som vart arrangert den 27. og 28. april på Hotel Alexandra i Loen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.05.2016

Sensorskulering 2016 i Loen

Sensorane trener på ei felles forståing av krav som vert stilt til eleven under eksamen ut frå nasjonale kjenneteikn. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Kvar vår inviterer fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane alle sensorar som skal delta i sensuren for dei tre sentralt gitte eksamenane i grunnskulen til sensorskulering. Utdanningsdirektoratet ved fagansvarleg i engelsk, Matilda Burman, fagansvarleg i norsk, Øystein Jetne og fagansvarleg i matematikk, Gregorios Brogstad, sto for den faglege gjennomføringa. For deira presentasjonar sjå høgre marg.

Sensorskulering 2016 i Loen

Sensorane trener på ei felles forståing av krav som vert stilt til eleven under eksamen ut frå nasjonale kjenneteikn. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Formålet med sensorskuleringa er at sensorane skal danne eit tolkingsfellesskap som skal sikre ei mest mogleg rettferdig og lik vurdering for alle elevar. Med «tolkingsfellesskap» meiner vi ei felles forståing i sensorkorpset om kva krav som vert stilt til elevene til eksamen. Eksamenskarakteren skal ikkje være avhengig av kva sensorar som har vurdert eleven sitt eksamenssvar. På sensorskuleringa nytta sensorane eit utval reelle eksamenssvar frå 2015 som utgangspunkt for å drøfte kva kompetanse kvart eksamenssvar viser, og kva karakter det einskilde eksamenssvaret skal ha ut frå nasjonalt fastsette kriterier. Tolkingsfellesskapet frå sensorskuleringa legg føringar for karaktersettinga av alle eksamenssvara i faget.

 Sensorskulering 2016 i Loen

På sensorskuleringa nytta sensorane eit utval reelle eksamenssvar frå 2015 som utgangspunkt for å drøfte kva kompetanse kvart eksamenssvar viser. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)