Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal 2015

Ordsky (bilde) standpunkt og eksamen 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansvar for sensur ved sentralt gitt eksamen i grunnskulen. Vi har også klagehandsaming på standpunktkarakterar. Førebels karakterstatistikk for eksamen og resultat av klage på standpunktkarakterar 2015 er no klar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.07.2015

 

Klage på standpunktkarakterar i grunnskulen 2015

Fylkesmannen si rolle som klageinstans for klager på standpunktkarakterar er å vurdere om gjeldande regelverk for karakterfastsetting er følgd. Dette vil seie at vi i vår klagehandsaming særleg ser etter om faglærar har gjort ei konkret vurdering av eleven sin kompetanse i faget i forhold til dei samla kompetansemåla i læreplanen og kjenneteikn på måloppnåing. Eit anna moment som er bestemmande for utfallet av klagesaka er om faglærar omtaler korleis eleven er gjort kjent med kompetansemåla i faget, kjenneteikn på måloppnåing og korleis det i undervisninga er lagt til rette for ulike arbeidsmåtar og vurderingsformer i faget.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2015 fått inn 47 klager på standpunktkarakterar frå elevar i Møre og Romsdal.  Dette er ein ytterlegare nedgang frå i fjor då talet på klager var i overkant av 70. Sett over tid  har talet på elevar frå Møre og Romsdal som klager på standpunktkarakteren halvert seg i høve åra før 2012, då årleg i overkant 100 elevar frå fylket klaga på standpunktfastsettinga. Den kraftige nedgangen i talet på elevar som klager på standpunktkarakterar i fag ser vi i sterk samanheng med den breie satsinga på Vurdering for læring i fylket. Dette kan ein lese meir om på lenkjer i høgre marg.

Dei 47 klagene på standpunktkarakter i 2015 fordelte seg på 12 fag. Som tidlegare år er det flest elevar som klager på standpunktkarakteren i dei praktisk estetiske faga. Totalt utgjer dei 38 standpunktklagene i praktisk estetiske fag, medrekna valfaga, 81 %. Flest elevar klagar på karakteren i mat og helse (14) og kroppsøving (11). I dei tre valfaga fysisk aktivitet og helse, design og redesign og produksjon av varer og tenester var det til saman 8 elevar som klaga på standpunktkarakteren. Det er elles å nemne at ein stadig større del av klagene: 43 %, kjem frå elevar på 8. og 9. trinn. Dette skuldast at faget mat og helse vert avslutta på 9. trinn, men auken kan også ha å gjere med innføringa av valfag med fastsetting av standpunktkarakter på 8. og 9. trinn.

Det kom klager frå 21 skular, fordelt på 16 kommunar.

Omlag 64 % av klagene er på karakterane 3 og 4, medan 28 % av klagene er på karakteren 5.

I 2015 er førebels 45 % av klagene på standpunktkarakter ikkje tatt til følgje. Til samanlikning var dette talet omlag 30 % i 2014. Vi ser i år ei kvalitetsheving i faglærar si grunngjeving for karakterfastsetting. Særleg gjeld dette i faget mat og helse, der 10 av 12 klager i faget så langt, har blitt avvist fordi gjeldande regelverk for karakterfastsetting er følgt.

 

Skriftleg eksamen for grunnskulen i Møre og Romsdal våren 2015

Til eksamen i grunnskulen våren 2015 blei det vurdert og sett karakter på om lag av 4500 elevsvar frå Møre og Romsdal. Førebels karakterstatistikk er lagt ut på nettsida til Utdanningsdirektoratet. Resultatet for Møre og Romsdal er likt landsgjennomsnittet i norsk sidemål. I engelsk ligg elevresultata litt over landsgjennomsnittet. I norsk hovudmål og matematikk litt under.

Fagnamn Snittkarakter
Møre og Romsdal
Snittkarakter
nasjonalt
Engelsk 10. årstrinn, skriftleg 3,8 3,7
Matematikk 10. årstrinn 2,8 2,9
Norsk hovedmål 10. årstrinn, skriftleg 3,4 3,5
Norsk sidemål 10. årstrinn, skriftleg 3,1 3,1

 

Klage på karakterar ved skriftleg eksamen

Etter eksamen 2015 kom det inn klager på 40 eksamenskarakterar, 5 i engelsk, 5 i matematikk, 14 i norsk hovudmål, 14 i norsk sidemål og 2 klagar frå elevar som hadde fritak frå norsk sidemål. 12 av desse 40 elevane fekk heva karakteren etter klagehandsaminga med ein karakter. 9 av karakterane som vart sett opp var i norsk sidemål. Ingen kandidatar vart sett ned.
Eksamensklagene er behandla av klagenemnder frå andre fylke.