Endeleg kommuneplan også i Sandøy

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er nøgd med at Sandøy kommune no legg fram ein arealdel til kommune­planen. -Dette er første utgåve av ein samla oversiktsplan for kommunen, og med nokre endringar vil han bli eit godt grunnlag for vidare utvikling av kommunen, seier fylkesmann Lodve Solholm.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2013

Sandøy kommune bygger i hovudsak opp under eksisterande bustadkonsentrasjonar og infrastruktur i planen. Fylkesmannen stør kommunen i dette. - Sjølv om avstandane er små på Harøya/Finnøya, er det viktig at utbyggingsmønsteret legg til rette for eit effektivt tenestetilbod og bidrar til attraktive og samla grendemiljø, meiner Solholm.

Viktige enkeltområde
Det er fire enkeltområde som særleg peikar seg ut som viktige for vidare drøftingar med kommunen.
-Dette gjeld bustadfelt på dyrka areal på Steinshamn og Finnøya, massetak ved Harøyburet og bustadutbygging på Haugane på Myklebust. Harøyburet er eit viktig friluftsområde, og har viktige naturverdiar. Haugane er eit viktig sjønært friluftsområde, seier Solholm.

Motsegner
Fylkesmannen har også store innvendingar til risiko- og sårbarheitsanalysen i planen. Denne er for generell, og planen sikrar ikkje at utbygging ikkje skjer i fareområde. I tillegg har Fylkesmannen knytt motsegn til nokre mindre justeringar som er naudsynt for å t.d. oppretthalde fri ferdsel i strandsona.
Fylkesmannen kan ha motsegn til kommuneplanen dersom han bryt med nasjonale og viktige regionale interesser. Motsegn inneber at kommunen ikkje kan vedta planen utan vidare.
Blir ikkje kommunen og Fylkesmannen einige, skal departementet avgjere arealbruken.

Dialog
Fylkesmann Lodve Solholm ber no Sandøy kommune gå gjennom tilbakemeldinga.
–Vi ser fram til vidare dialog med kommunen om kommuneplanen. I tillegg til drøftingar om motsegnspunkta, ønskjer vi også å utdjupe våre faglege råd om føresegner, konsekvensutgreiing og anna arealbruk, seier han.