Vurdering for læring, pulje 4, 5, 6 og 7 - 14. desember 2016

Dato:
14. desember 2016 10:00 - 15:00
Stad:
Scandic Seilet hotell, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunar og private skular som har deltatt/deltek i pulje 4, 5, 6 og 7

Samling for fylkesnettverket Vurdering for læring pulje 4, 5, 6 og 7.

Publisert 20.10.2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer med dette til fylkesnettverkssamling for kommunar og private skular som har deltatt / deltek i satsinga «Vurdering for læring». Invitasjon er også sendt til kommunane pr. e-post.

Tid: 14. desember 2016 kl 10.30 - 15.00 (registrering frå kl 10.00)

Stad: Scandic Seilet, Molde

Alle kommunar og private skular som har deltatt / deltek i satsinga er invitert til å delta med to personar. Ein av desse bør vere ressursperson i satsinga, i tillegg kan kommunen stille med ein representant frå skuleeigarnivå eller representant frå skule. Dersom fleire ønskjer å delta på samlinga, ber vi om at de av plassomsyn tek kontakt med underteikna om dette (tlf 71 25 85 64, Lorentzen).  Det er også ønskeleg at ein representant frå PPT møter.

Tema for samlinga:  Erfaringsdeling og kunnskapsutvikling: «Skulen sitt arbeid med VFL og aktiv elevinvolvering» Sjå vedlagt program.

Dagen vert leia av førsteamanuensis Siv M. Gamlem og seniorrådgivar Annhild Lorentzen.

Økonomi:  Samlinga er gratis.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande og endeleg frist for påmelding 23. november 2016.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmelding kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje får ei slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
14. desember 2016 10:00 - 15:00
Stad:
Scandic Seilet hotell, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunar og private skular som har deltatt/deltek i pulje 4, 5, 6 og 7