Vidergående kurs i økonomisk rådgivning og gjeldsrådgivning

Dato:
1. desember 2015 09:30 - 2. desember 2015 16:00
Stad:
Scandic Parken hotel i Ålesund
Arrangør:
Helse og sosialavdeling hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
NAV kontor i Møre og Romsdal

Invitasjon til vidaregåande kurs i økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving

 

 

 

Publisert 24.06.2015

Føremål og målgruppe: Arbeids og velferdsdirektoratet har gitt Fylkesmannen i oppdrag å bistå kommunane med å styrke kompetansen til økonomi- og gjeldsrådgivarar. Økonomisk rådgiving-/gjeldsrådgiving, jf. sosialtenestelova § 17, er ein del av kjerneoppgåvene til NAV og spelar ei viktig rolle som eit av fleire tiltak ovanfor den einskilde for å kunne overvinne ein vanskeleg situasjon.  

Kurset rettar seg primært mot vegleiarar som har økonomi-  og gjeldsrådgjevingsoppgåver etter lov om sosiale tenester § 17. Kurset bygger på grunnkurset i økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving, og deltakarane må ha minimum kunnskapar tilsvarande dette kurset.

Føredragshaldarar begge dagar: Rådgivar Inger-Helen Søgnen frå Fylkesmannen i Hordaland og rådgivar Hallvard Øren frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Praktiske opplysningar: Kurset er gratis, Fylkesmannen dekkjer alle måltid på dei 2 dagane og overnatting for dei som har over 1 time reise kvar veg. Reisekostnader og behov for evt. ekstra overnatting dekkast av den einskilde sin arbeidsgivar. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er Miljøfyrtårn og vi oppmodar dei som har høve til det om å nytte kollektivtransport. Det er sett ei grense på maksimalt 60 deltakarar. Dersom det blir for mange påmeldte, vil fylkesmannen ta kontakt med dykk og gjere ei prioritering.

Elektronisk bindande påmelding innan 2. november 2015. Spørsmål om påmeldingsskjemaet kan rettast til e-post: fmmrkurs@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 84 09 eller 71 25 85 05. For nærare informasjon om kurset kan du ta kontakt med:Rådgivar Kjell Iversen. E-post fmmrkjiv@fylkesmannen.no tlf. 71 25 85 29.

Stadfesting: Du vil motta ein epost direkte på din epostadresse som

Dato:
1. desember 2015 09:30 - 2. desember 2015 16:00
Stad:
Scandic Parken hotel i Ålesund
Arrangør:
Helse og sosialavdeling hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
NAV kontor i Møre og Romsdal