Vestlandsk Vidsyn 2013

Dato:
24. september 2013 10:00 - 25. september 2013 15:30
Stad:
Rica parken Hotel, Ålesund
Arrangør:
Landbruksavdelinga
Målgruppe:
Alle som brenn for lokal samfunnsutvikling

Vestlandsk Vidsyn er ein årleg møteplass for alle som brenn for lokal samfunnsutvikling. Etter inspirerande dagar på Voss og på Nordfjordeid tidlegare år, er det ei glede å ønske velkomen til Ålesund, og Rica Parken Hotel, tysdag 24. – onsdag 25. september 2013.

Publisert 24.05.2013

I år vil vi mellom anna setje fokus på følgjande tema:

  • Attraktivitet – frå forsking til praksis
  • Arbeidsinnvandring
  • Næringslivet som lokal samfunnsutviklar
  • Kan bygdemobilisering gje nye arbeidsplassar?
  • Rekruttering av høgkompetent arbeidskraft
  • Korleis styrke utviklingskapasiteten?

Vestlandsk Vidsyn er eit samarbeid mellom fylkeskommunar og fylkesmenn på Vestlandet og Distriktssenteret. Målet er å inspirere og gje fagleg påfyll til alle som driv lokalt utviklingsarbeid, anten det er lokale eldsjeler i eit bygdalag, lokalpatriotiske bedriftseigarar, kvardagsheltar i kommunen, politikarar eller forskarar med interesse for temaet.

Detaljert program finst på www.vestlandskvidsyn.no

Praktiske opplysninger: Ingen kursavgift. den enkelte deltakar gjer opp med hotellet direkte. Ønskjer ein tilsendt faktura må det takast opp med hotellet på førehand.

Prisar på opphald inkl. mat:

Dagpakkar pr. dag for ikkjebuande kr. 525,-

Middag 24. september for ikkjebuande kr. 495,-

Heilpensjon i enkeltrom inkl. alle måltider kr. 1960,-

Ekstra overnatting inkl. frokost frå 23.-24.september kr. 1025,-

Bindande påmelding 15.august 2013 - NY FRIST FOR PÅMELDING 8.september 2013. Den elektroniske påmeldinga er no stengt pr. 10.09.13

Spørsmål om påmeldinga kan rettast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal på epost : fmmrkurs@fylkesmannen.no eller til Kjellaug Flusund Finnøy på telefon 71 25 80 67 eller servicekontoret 71 25 84 43.

Arbeidsgruppa for Møre og Romsdal: Eivind Vartdal Ryste, Møre og Romsdal fylkeskommune telefon 71 25 80 23, epost: eivind.vartdal.ryste@mrfylke.no , Aud Lindset Drågen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal telefon 71 25 81 31, epost: aud.lindset.draagen@fylkesmannen.no og Synnøve Valle, Fylkesmannen i Møre og Romsdal telefon 71 25 81 58, epost: synnove.valle@fylkesmannen.no.

 

Dato:
24. september 2013 10:00 - 25. september 2013 15:30
Stad:
Rica parken Hotel, Ålesund
Arrangør:
Landbruksavdelinga
Målgruppe:
Alle som brenn for lokal samfunnsutvikling