Skogsamling,Landbrukskonferanse og Næringskonferanse

Dato:
5. mars 2014 09:30 - 7. mars 2014 17:00
Stad:
Qyality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, landbruksavdelinga.Bondelaget og Bonde-ogsmåbrukarlaget
Målgruppe:
Skogbruk og landbrukstilsette i kommunane. Medlemmer i Bondelaget og Bonde-og småbrukerlaget

Velkomen til skogsamling, landbrukskonferanse og næringskonferanse!

Fylkesmannen ønskjer alle velkomen til nyttige fagdagar 5.-7. mars på Quality Hotel Alexandra i Molde.  Dette året har vi vald å samle dei tradisjonelle samlingane våre og konsentrere dei på dagane 5.-6. mars: Skogsamlinga, landbrukskonferansen og BU-samlinga. Programmet for dagane ligg som eigne vedlegg.

Publisert 16.12.2013

I tillegg vil den årlege næringskonferansen verte arrangert 7. mars. Dette er eit samarbeid mellom Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og fylkesmannen.  Programmet er ikkje heilt klart enno, men konferansen vil ha med foredragshaldarar som leiar i Norsk Bonde- og småbrukarlag, Merete Furuberg, nestleiar i Norges Bondelag, Brita Skallerud, leiar i Norsk senter for bygdeforskning, Harald A. Lein og fleire av stortingspolitikarane frå Møre og Romsdal.

Skogsamling: Start onsdag 5. mars kl. 10.00 – avslutning torsdag 6. mars kl. 10.00

Landbrukskonferansen/BU-samling: Start torsdag 6. mars kl. 10.30 – avslutning torsdag 6. mars kl. 17.45

Næringskonferansen: Start fredag 7. mars kl. 10.00 – avslutning fredag 7. mars kl. 16.15.

Praktiske opplysninger: All påmelding skjer på skjemaet i høgre felt. Deltakarane vil verte fakturerte  i etterkant. Vi gjer merksam på at påmeldinga er bindande.Frist for påmelding er 17.februar 2014 .- NY dato 20.02.kl.12.00. Påmeldinga er no stengt 20.02 kl.13.45. Spørsmål om påmelding kan rettast på epost: fmmrkurs@fylkesmannen.no eller telefon 71 25 80 67 og 71 25 85 05

Dato:
5. mars 2014 09:30 - 7. mars 2014 17:00
Stad:
Qyality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, landbruksavdelinga.Bondelaget og Bonde-ogsmåbrukarlaget
Målgruppe:
Skogbruk og landbrukstilsette i kommunane. Medlemmer i Bondelaget og Bonde-og småbrukerlaget