Sensorskolering 27.-28.april 2016

Dato:
27. april 2016 11:00 - 28. april 2016 13:00
Stad:
Hotel Alexandra i Loen
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Oppnemte sensorar i Norsk, Engelsk og Matematikk

 

Sensorskulering for faga norsk, engelsk og matematikk i sensurregion Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 27.-28.april 2016

Publisert 18.03.2016

Fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, inviterer til sensorskulering på Hotel Alexandra i Loen 27. og 28. april.

Målgruppa er alle fagpersonar som er oppnemnd til å vere sensorar ved skriftleg eksamen i grunnskulen i 2016 frå begge fylka. Det vil bli parallelle kurs i faga matematikk, engelsk og norsk.

Utdanningsdirektoratet står for den faglege gjennomføringa. Det vil og bli gitt ei obligatorisk opplæring i nytt system for eksamensadministrasjon for alle sensorar. Sjå elles vedlagde program

Stad: Hotel Alexandra i Loen

Tid: Start med registrering onsdag 27.04 kl 11.30. Avslutning med lunsj torsdag 28.04 kl 13:00.

Målgruppe: Oppnemnde sensorar i engelsk, norsk og matematikk.

Tema: Vurdering. Eksamen og prinsipp for sluttvurdering, vurdering i faga og drøfting av siste års elevsvar.

Spørsmål om sensorskuleringa kan rettast til:

Påmeldingsfrist 17. april 2016. Spørsmål om påmeldinga kan rettast til e-post fmmrkurs@fylkesmannen.no  eller på telefon 71 25 84 09 / 71 25 85 05

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang påmeldinga di. Om du ikkje mottek slik stadfesting, vert du ikkje registrert som deltakar. Husk å sjekke din epost.

 

Dato:
27. april 2016 11:00 - 28. april 2016 13:00
Stad:
Hotel Alexandra i Loen
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Oppnemte sensorar i Norsk, Engelsk og Matematikk