Seminar om oversikt over folkehelsa og UNGDATA

Dato:
3. september 2015 09:00 - 16:00
Stad:
Quality Hotel Alexandra
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå under

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kompetansesenter rus - Midt-Norge inviterar til seminar om oversikt over helsetilstand og faktorar som påverkar helsa og bruk av kartleggingsverktøyet UNGDATA.

Publisert 07.05.2015

Tid:  3. september 2015

Stad: Quality hotel Alexandra, Molde

Målet med seminaret er å:

- dele erfaringar frå oversiktsarbeidet med vekt på å kome frå oversikt til handling
- dele erfaringar frå gjennomføringa av UNGDATA-undersøkinga og belyse korleis kommunane kan bruke UNGDATA resultata saman med annan lokalkunnskap i plan og utviklingsarbeid

Målgruppe:  Seminaret har ei brei målgruppe og er retta mot dei som er involvert i arbeidet med oversikt over helsetilstand og faktorar som påverkar helsa og UNGDATA-undersøkinga i kommunane.

Pris per deltakar: Kr. 465 per person som inkluderer seminar, lunsj og pausemat, som den einskilde deltakar gjer opp direkte med hotellet.  Evt tilsending av faktura må kvar og ein avtale med hotellet direkte i forkant.  Ved individuell fakturering, vert det eit gebyr på kr. 125.

Påmelding:  Det er bindande elektronisk påmelding innan 20. august 2015.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Har du spørsmål knytt til påmeldinga, kan du ta kontakt på epost fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 09 / 71 25 85 05.

Stadfesting:  Når du har meldt deg på vil du motta ei stadfesting på epost.  Informasjonen i denne eposten skal brukast dersom ein kontaktar fylkesmannen for spørsmål og avklaringar.

Kontaktpersonar:  Frå Møre og Romsdal fylkeskommune: Sigri J. Spjelkavik, sigri.spjelkavik@mrfylke.no .  Frå Kompetansesenteret Rus Midt-Norge: Rita Valkvæ, rita.valkve@stolav.no .  Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Marie Eide, marie.eide@fylkesmannen.no.

Dato:
3. september 2015 09:00 - 16:00
Stad:
Quality Hotel Alexandra
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå under