Seminar om klimatiltak i kommunane

Dato:
10. mai 2016 10:00 - 16:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Møre og Romsdal Fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til dagsseminar om klimatiltak i kommunane tysdag 10. mai.

Publisert 22.04.2016

Arbeidet med reduksjon av klimagassutslepp og energibruk er inne i ein ny fase etter at Paris-avtalen blei underteikna i desember i fjor. Den nasjonale klimapolitikken må no justerast, og allereie i mai vil Miljødirektoratet lyse ut 100 millionar kroner til utsleppsreduserande tiltak i kommunane. Den 10. mai kjem dei til Molde for å orientere om den nye tilskotsordninga. Hit kjem også Enova for å oppdatere oss om sine etablerte tilskotsordningar. I tillegg vil Stiftelsen miljøfyrtårn og Standard Norge fortelje om miljøleiing og sertifiseringsordningar.

På seminaret vil også Møre og Romsdal fylkeskommune gi eit innblikk i Regional delplan for klima og energi, vedtatt i juni i fjor, og dei viktigaste tiltaka regionalt no. Sunnmøre regionråd vil fortelje om oppfølging av kommunale klima- og energiplanar på Sunnmøre, og frå Nordmøre får vi  høyre erfaringar  frå prosjektet ORKidé Krafttak.

Seminaret blir halde på Quality Hotel Alexandra i Molde tysdag 10. mai kl. 10.00 - 16.00, og deltaking er gratis for kommunane.

Program og påmeldingsskjema finn du på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune: https://mrfylke.no/Kalender/(event)/843514

Dato:
10. mai 2016 10:00 - 16:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Møre og Romsdal Fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal