Robust oppvekst for barn og unge i Møre og Romsdal

Dato:
15. april 2015 09:00 - 16. april 2015 15:00
Stad:
Scandic Seilet hotell i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune
Målgruppe:
Kommunalt og fylkeskommunalt tilsette som arbeider med barn og unge. sjå meir informasjon lengre ned på sida

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider om å arrangere ein konferanse om psykisk helse for barn og unge.

Gode oppvekstvilkår og trivsel i barnehage, grunnskole og vidaregåande skole er eit grunnlag for god psykisk helse seinare i livet.  Det kan førebygge psykiske lidingar, og er med på å prege helsa resten av livet.  Barnehage og skole når dei aller fleste barn på tvers av sosiale skiljeliner, og er derfor sentrale arenaer i arbeidet med å utvikle haldningar og utjamne sosiale skilnader i levevanar og helse.

Publisert 11.12.2014

På denne konferansen vil vi synleggjere helsefremjande faktorar og vi vil ha ei tverrfaglig tilnærming til arbeidet med å gi barn og unge ein god oppvekst. Hovudinnleiar på konferansen er professor Arne Holte. Han har lang erfaring frå arbeid med psykisk helse.  Holte har ved fleire høve peika på at vi etter «Opptrappingsplanen for psykisk helse» må gi høgare prioritet til førebygging av dei lidingar som angår dei fleste. Desse er svært kostnadskrevjande for samfunnet; spesielt depresjon, angst og rusmisbruk. Få nolevande psykologar i Norge har satt djupare spor etter seg og har ytt eit meir mangfoldig bidrag til utviklinga av psykologisk kunnskap og praksis.  Holte fikk i 2012 den store psykologprisen for sitt arbeid med psykisk helse.

Konferansen ønskjer å fremje eit tverrfaglig samarbeid kring barnehage, skole og helse.  Siste del av dag 2 er derfor spesielt tilrettelagt som eigne parallellsesjonar for ulike grupper.

Målgruppe for konferansen: Kommunalt og fylkeskommunalt tilsette som arbeider med barnehage, grunnskole og vidaregåande skole. Rådgivarar i grunnskole og vidaregåande skole, OT-rådgivarar, opplæringskontor, PPT, NAV, helsesøstre, folkehelsekoordinatorer, rektorar, avdelingsleiarar, kontaktlærarar, tilsette i barnehage og barneskole.   Alle som er interessert i barn og unge si psykiske helse er invitert.  Vidare er konferansen også open for frivillige organisasjonar.

Økonomi:  Den einskilde må betale ein eigenandel på kr 1.000,- for deltaking på konferansen.  Dette fakturerast i etterkant, også for dei som melder seg på men ikkje møter opp.  Overnatting 14.-15. april 2015 må den einskilde betale sjølv direkte til hotellet, overnatting i enkeltrom m/frokost kr 955,-

Påmelding:  Det er bindande påmelding innen 31. mars 2015.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Har du spørsmål om skjemaet, kan dei rettast på epost fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 09 / 71 25 85 05.

Velkommen til spanande dagar med barn og unge sin psykiske helse i fokus!

Arbeidsgruppa/kontaktpersonar:

Anne Mette Nerbøberg, Fylkesmannen i Møre og Romsdal  anne.mette.nerboberg@fylkesmannen.no  Sverre Veiset, Fylkesmannen i Møre og Romsdal. sverre.veiset@fylkesmannen.no  Jørn Thomassen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal. jorn.thomassen@fylkesmannen.no  Berit Brudeseth, Møre og Romsdal fylkeskommune brit.brudeseth@mrfylke.no   Rose Mari Skarset, Møre og Romsdal fylkeskommune rose.mari.skarset@mrfylke.no.   Svein Neerland, Møre og Romsdal fylkeskommune svein.nerrland@mrfylke.no    Ann Helene Skare, Møre og Romsdal fylkeskommune. ann.helene.skare@mrfylke.no

 

Dato:
15. april 2015 09:00 - 16. april 2015 15:00
Stad:
Scandic Seilet hotell i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune
Målgruppe:
Kommunalt og fylkeskommunalt tilsette som arbeider med barn og unge. sjå meir informasjon lengre ned på sida