"Ringar i vatn" - Nettverkssamling psykisk helse og rus

Dato:
26. mai 2015 10:00 - 28. mai 2015 15:00
Stad:
Union hotel, Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i samarbeid med KoRus og NAPHA
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal og Nav kontora

som ringar i vatn

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, sammen med kompetansesenter for rusfeltet (KoRus) og Nasjonalt senter for psykisk helsearbeid (NAPHA) inviterer til ny nettverkssamling for fagpersonar som arbeider med fagfelta rus og psykisk helse i kommune, på NAV-kontor og i spesialisthelsetenesta. Representantar frå brukar- og  pårørandeorganisasjonar er og velkomne til å delta på samlinga. Årets nettverkssamling vert arrangert på Hotell Union Geiranger 26-28. mai.

Publisert 27.01.2015

I samarbeid med KoRUS og NAPHA  vil vi i 20 15 satse på ei stor samling i Geiranger over tre dagar (frå lunsj dag en- til lunsj dag tre) Det betyr at vi ikkje arrangerer nettverkssamling til hausten. Fylkesmannen vil  i  staden bidra til at kvart DPS lokalt arrangerer «Møteplass » for sine samarbeidspartnarar innan rus/ psykisk helse- hausten 2015. Vi trur at ei slik ny organisering av dei fire dagane vi har brukt på nettverket ( tidl. to dagar vår og haust), vil  kunne gi ein større effekt i samband med nettverksbygging, deltaking og engasjement i «Møteplassen»

Tema for nettverksamlinga i Geiranger er «Unge vaksne – kor er dei, kor skal dei?» Vi sett fokus på korleis vi saman kan sikre gode tenester i samband med overgang frå barn til vaksen. Førebels program for dei dagane ligg ved.

NY frist for bindande påmelding er 24. april. Kursavgifta er kr 1500,-.  

Vi håper at ei slik intensivering av nettverksamlinga, saman med ein oppfølgingsdag lokalt i haust, kan gi eit auka kompetansegrunnlag og styrke samarbeidet i kommunane ytterlegare.

Velkomen til innhaldsrike dagar med fokus på samhandling til beste for dei yngste brukarane, i vakre Geiranger!

Dato:
26. mai 2015 10:00 - 28. mai 2015 15:00
Stad:
Union hotel, Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i samarbeid med KoRus og NAPHA
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal og Nav kontora