Plankonferansen 2014

Dato:
4. november 2014 09:30 - 6. november 2014 16:00
Stad:
Rica Seilet hotel i Molde
Arrangør:
Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Invitasjon til felles konferanse om planlegging, bumiljø og folkehelse.

Vi har glede av å invitere til en felles konferanse om planlegging, bumiljø og folkehelse 4. -6. november 2014 på Rica hotel Seilet i Molde. Arrangementet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og KS. Vi har slått saman den årlege plankonferansen med ein workshop i samfunns- og kommuneplanlegging i eit helseperspektiv. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt økonomisk tilskott til plankonferansen. Workshopen vert finansiert av KS.

Publisert 30.06.2014

Årets plankonferanse har bukvalitet og oppvekst som hovudtema, temaet vil mellom anna bli knytt til trafikktryggleik, planlegging for sykkel, nærmiljøkvalitetar, medverknad frå barn og unge og bustadstrategiske tiltak i bygd og by.  Konferansedelen vert avslutta med eit kurs om støy i regi av Sweco AS. Parallelt med kurset om støy vil vi invitere barnerepresentantane til eit dialogmøte og folkehelsekoordinatorane til eit metodekurs.

Workshopen tredje dag er ei oppfølging av dagskurset som vart arrangert i Kristiansund og Molde våren 2014 og vil dreie seg om folkehelse, statistikk og plan.

Det vil bli moglegheiter til omvising på Plassen, Moldes kulturhus tysdag 4. november.

Vi håper at programmet kan nå ein brei målgruppe ute i kommunane og ønskjer hjerteleg velkomne!

Plankonferanse 4 og/eller 5 november:  Konferanseavgift kr 900,- . Workshop 6. november:  gratis (KS finansierer denne).  Middag 5. november for dei som skal delta 6 november : gratis (KS finansierer denne).

Påmeldinga er no stengt pr. 23.10.14. Spørsmål om påmeldinga kan rettast til epost: fmmrkurs@fylkesmannen.no eller telefon 71 25 80 67 / 71 25 85 05 

 

Dato:
4. november 2014 09:30 - 6. november 2014 16:00
Stad:
Rica Seilet hotel i Molde
Arrangør:
Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal