Nettverksamling - Samarbeid- som ringar i vatn
- Dato:
- 23. april 2014 09:30 - 24. april 2014 16:00
- Stad:
- Quality hotel Alexandra i Molde
- Arrangør:
- Helse og sosialavd. FMMR
Fylkesmannen inviterer til nettverksamling - Samabeid - Som ringar i vatn 23.-24. april 2014.
Nasjonalt opplæringsprogram (ROP) er eit delprosjekt for å implementere Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding. Fylkesmannen, i samarbeid med KoRus Midt-Norge og Nasjonal Kompetanseteneste for samtidig rusliding og psykisk liding, inviterer fagpersonar og leiarar på ulike nivå i tenesteapparatet til tverrfaglig ROP- kurs. Målsetting for samlinga er å stimulere til auka kompetanse om rusliding og psykiske liding (ROP) til fagpersonar og leiarar, primært i kommunar og i spesialisthelsetenesta.
Lysark frå samlinga finn du her
Kurset er søkt meritterande for Den norske legeforening, Norsk psykologforening, Norsk sykepleierforbund, Norsk Ergoterapeutforbund og Fagforbundet.
Tid: 23. - 24. april 2014
Stad: Quality Hotel Alexandra i Molde
Kursavgift: Kr 900,- Dekkjer dagpakke begge dagar, middag for dei som ønskjer det, og overnatting for dei med lang reiseveg. Deltakarar med ekstra lang reiseveg kan og søkje om å få dekt overnatting til 23. april. Kursavgifta blir sendt ut frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Påmeldingsfristen er no utgått. Spørsmål om påmeldinga kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 80 67 / 71 25 85 05.
I tillegg til Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine kontaktpersonar (sjå høgremargen), kan også Rita Valkvæ frå KoRus Midt-Norge kontaktast på telefon 47 87 89 00, og Kari Nysveen frå Nasjonal kompetanseteneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse kontaktast på telefon 97 96 21 27.
- Dato:
- 23. april 2014 09:30 - 24. april 2014 16:00
- Stad:
- Quality hotel Alexandra i Molde
- Arrangør:
- Helse og sosialavd. FMMR