Nettverk for psykososiale kriseteam
- Dato:
- 24. september 2014 10:00
- Stad:
- Quality hotel Alexandra i Molde
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Kommunane i Møre og Romsdal,
Nettverk for psykososiale kriseteam - invitasjon til oppstart. Fylkesmannen viser til brevet vårt til kommunane av 3. februar der vi gav ei førebels orientering om planane om å etablere eit nettverk for dei psykososiale kriseteama (omsorgsberedskapsgruppene) i fylket.
Vi har no gleda av å invitere til oppstart for nettverket – på Quality Hotel Alexandra i Molde 24. september 2014.
Dagen vert todelt: På føremiddagen blir det eit ope fagseminar om reaksjonar på alvorleg traumatisering og psykososiale støttetenester etter kriser og katastrofar.
Medlemmene i nettverket er leiarane for dei kommunale psykososiale kriseteama/ omsorgsberedskaps-gruppene. Arrangementet er gratis.
Om ettermiddagen blir det første møtet i sjølve nettverket gjennomført.
Førebels programskisse er sett inn på baksida av dette brevet. Vedlagt er også ei prosjektskildring som gir nærare omtale av bakgrunn, føremål og aktivitet i nettverket. Prosjektskildringa er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med medlemmer frå Averøy kommune, Støttegruppa etter 22. juli, RVTS-Midt og fylkesmannen.
Påmeldingsfristen er no utgått. Spørsmål om påmeldinga kan rettast til fmmrkurs@fylkesmannen.no, eller på tlf 71 25 80 67 / 71 25 85 05.
Spørsmål om opplegget elles kan rettast til Ketil Matvik Foldal på telefon 71 25 84 83 eller epost
ketil.matvik.foldal@fylkesmannen.no
- Dato:
- 24. september 2014 10:00
- Stad:
- Quality hotel Alexandra i Molde
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Målgruppe:
- Kommunane i Møre og Romsdal,