Møte om Kompetanseløftet februar 2013

Dato:
7. februar 2013 10:00 - 15:30
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal

St.meld.nr.25Vi viser til St.meld.nr.25 - Omsorgsmeldinga, Omsorgsplan 2015 og Kompetanseløftet 2015. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ansvarleg for oppfølging av Kompetanseløftet 2015 når det gjeld mellom anna tilskot til utdanningstiltak i kommunane.  Presentasjonar frå møtet ligg no ute på vår heimeside i høgre marg. 

  

 

 

Publisert 08.01.2013

Kommunane skal kvart år i planperioden rapportere om resultat- og plantal for utdanning av tilsette i omsorgssektoren via fylkesmannen til Helsedirektoratet innan 1. februar. Vi viser her til tidlegare utsendt informasjon.

Alle kommunane i Møre og Romsdal har oppnemnt ein kontaktperson for Kompetanseløftet 2015 (sjå vedlagtliste). Dette er praktisk av omsyn til søknadsprosedyre og koordinering av opplæringstiltak i kommunen. Vi ber om at kommunen gjev melding dersom det er gjort endringar når det gjeld kontaktperson, slik at vår liste blir oppdatert og kommunen ikkje går glipp av viktig informasjon. Som samarbeidspart ser vi det som viktig å ha god dialog med kommunane og spesielt dei som er oppnemnt til kontaktpersonar. Vi inviterer difor kontaktpersonen og ein person til frå kvar kommune, til møte den 07.februar.

På møtet vil vi mellom anna få informasjon om: «Eg vil bli helsefagarbeidar. Med ABC til fagbrev», kompetansekrav jamfør Helse- og omsorgstenestelova § 9-9 tredje ledd og «Dette må eg kunne.»

Dato:
7. februar 2013 10:00 - 15:30
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal