Møte om Kompetanseløftet 2020

Dato:
25. januar 2017 09:00 - 15:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal

Fylkesmannen arrangerte møte om Kompetanseløftet 2020

Publisert 25.10.2016

Tid:  25. januar 2017

Stad:  Quality hotell Alexandra, Molde

Vi viser til St.meld.nr.29 - Morgondagens omsorg og Omsorg 2020 som presiserer kor viktig det er med ei fagleg sterk helse- og omsorgsteneste med riktig kompetanse. For å sikre dette vil regjeringa lage ein plan for kompetanseheving gjennom Kompetanseløftet 2020.

Det blei etablert eit nasjonalt kompetanse- og innovasjonstilskot for kommunane frå 2015. Tilskotet skal stimulere kommunane til kompetanseheving og tenesteinnovasjon for å møte framtidas omsorgsutfordringear med nye og bærekraftige løysingar. Som ein del av Omsorg 2020 skal tilskotet i planperioden gradvis bidra til å gje omsorgsplanarbeidet ein meir innovativ innretning.

Kommunane har kvart år i planperioden rapportert om resultat- og plantal for utdanning av tilsette i omsorgssektoren via fylkesmannen til Helsedirektoratet innan 1. februar. Dato for rapportering i 2017 er ikkje klar enno.

Føredragshaldarane sine presentasjonar finn du no i høgremargen på denne sida.