Møte i fylkesberedskapsrådet

Dato:
14. desember 2015 10:00 - 15:30
Stad:
Quality hotell Alexandra i Molde
Arrangør:
Justis og Beredskapavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Medlemmer i fylkesberedskapsrådet

Fylkesmannen viser til førehandsvarselet som vart sendt 10. november og sender her innkalling og påmeldingsinformasjon til fylkesberedskapsrådet sitt møte 14. desember. Møtet er lagt til Alexandra hotell i Molde.

Publisert 19.11.2015 av Administrator

Fylkesberedskapsrådet er fylkesmannen sin møteplass for gjensidig orientering om samfunnstryggleik og beredskap. I krisesituasjonar er rådet fylkesmannen sitt forum for rådgjeving og samordning av innsats. Fylkesberedskapsrådet har eitt fast møte i året og trer elles saman ved behov.

Fylkesberedskapsrådet er eit leiarforum, og medlemmene er oppnemnde av fylkesmannen. Det er ikkje oppnemnd varamedlemmer, men medlemmer som ikkje kan møte skal ut frå vurdering av situasjon og dagsorden sende vikar. Ut frå slike vurderingar kan fylkesmannen også kalle inn andre til å møte i rådet.

Program kjem i ein seinare oversending, men flyktningsituasjonen er hovudtema.

Vi ber om stadfesting av deltaking innan 8. desember. Påmeldingsskjema ligg på fylkesmannen sin nettstad, www.fylkesmannen.no/mr, under lenka «kurs og konferansar». Spørsmål om påmeldinga kan rettast til: fmmrkurs@fylkesmannen.no eller 71 25 84 09 eller 71 25 85 05. Spørsmål og innspel til programmet kan rettast til Stine Sætre på 71 25 84 85 eller stine.saetre@fylkesmannen.no.

 

Dato:
14. desember 2015 10:00 - 15:30
Stad:
Quality hotell Alexandra i Molde
Arrangør:
Justis og Beredskapavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Medlemmer i fylkesberedskapsrådet