Møte i fylkesberedskapsrådet

Dato:
11. april 2013 10:00 - 15:00
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Medlemmer og faste observatørar i fylkesberedskapsrådet

Fylkesmannen kallar med dette inn til møte i fylkesberedskapsrådet torsdag 11.april 2013. Møtet er lagt til Quality hotel Alexandra i Molde

Publisert 20.02.2013

Det er førebels ikkje sett opp detaljert program, men desse temaene kjem iallfall med:

  Nytt digitalt nødnett

 Omorganisering av 110-sentralane

 FylkesROS, risiko- og sårbarheitsanalyse for Møre og Romsdal

 Risikoerkjenning og gjennomføringsevne

I det siste punktet ligg det ein gjennomgang og diskusjon av lokal status og oppfølging av 22. juli-kommisjonen sine viktigaste tilrådingar. Når vi set opp detaljert program, kjem vi til å utfordre enkelte av medlemmene til å presentere arbeidet i eigen etat, men vi vil også legge til rette for at heile rådet kan diskutere temaet.

Vi ber om stadfesting av deltaking innan 22. mars 2013 («palmefredag»). Påmeldinga er no stengd.

 Spørsmål og innspel til programmet kan rettast til Ketil Matvik Foldal på telefon 71 25 84 83 eller på epost: ketil.matvik.foldal@fylkesmannen.no

 

 

Dato:
11. april 2013 10:00 - 15:00
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Medlemmer og faste observatørar i fylkesberedskapsrådet