Møte i Fylkesberedskapsrådet - 9. september 2014

Dato:
9. september 2014 09:30 - 15:00
Stad:
Storfjord Hotell, Skodje
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, justis- og beredskapsavdelinga

Møte i fylkesberedskapsrådet 9. september 2014

Publisert 27.01.2014

Fylkesberedskapsrådet sitt faste, årlege møte vert gjennomført 9. september på Storfjord Hotel på Glomset i Skodje kommune.

Fylkesberedskapsrådet er fylkesmannen sin møteplass for gjensidig orientering om samfunnstryggleik og beredskap.  I krisesituasjonar er rådet fylkesmannen sitt forum for rådgjeving og samordning av innsats.  Fylkesberedskapsrådet har eitt fast møte i året og trer elles saman ved behov.

Beredskap mot fjellskred og fjellskredgenererte flodbølgjer blant temaene i møtet, og derfor inviterer vi også ordførarane i kommunane som er direkte berørte av fjellskred frå dei tre høgrisikoobjekta i fylket.  Dette gjeld kommunane Norddal, Stranda, Ørskog, Skodje, Sykkylven, Ålesund, Sula, Hareid, Ørsta og Rauma.

Program og medlemsoversikt ligg i høgremenyen.

Påmeldingsfristen er no gått ut.  Spørsmål om påmeldinga kan rettast til: fmmrkurs@fylkesmannen.no eller 71 25 80 67 / 71 25 85 05.

Spørsmål og innspel til programmet kan rettast til Ketil Matvik Foldal på 71 25 84 83 eller ketil.matvik.foldal@fylkesmannen.no

Dato:
9. september 2014 09:30 - 15:00
Stad:
Storfjord Hotell, Skodje
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, justis- og beredskapsavdelinga